lørdag 23. juni 2012

Liknes-Holmen på Åkra, Karmøy

Fred.-lørd. (15-16.06)


Først på bloggen i dag ønsker eg å visa nokre bilder tatt på strendene der eg bur (Liknes-Åkrasanden) ei flott kveldstund.


Det blei eit vindstille nydelig vær, og meir kan ikkje ein foto frelst forlange seg. Og når det også var masse sjøfugler i tillegg da blir det nesten magisk.



Ofte kan motlys fotografering gje utrulig spennande reflekser mot sjøflata. Men ein er nødt til å mørkne bildene ein del etterpå ellers blir ein heilt blendet av de sterke refleksene i sjøflata.



Får ein oppleve også liv og aktivitet i sjøfuglane så blir det prikken over i en.



Det er så kjekt at det er blitt atskillig mindre av fremedellementet minken på Karmøy, og dermed så er det blitt sjøfuglhekking igjen på Storeholmen og Litleholmen igjen utforbi Liknessanden. Terna er tilbake, og alle måkene. Og Hettemåken har ein fått på kjøpet, den hekka ikkje her før.



Og skyformasjonene var også flott denne kvelden (fred.15.06).



Dagen etter (lørd.16.06) gjekk eg strandlinja fra Åkra kai og til Sæveland. Det blei også ein flott tur i det nydelig sommerværet.


Fleire Ærfugl kull var klækket og det var flott å sjå foreldrene med ein hale etter seg med små nydelige dunnøster.



Strandnelliken sto og nå på det vakreste og prydet svabergene.



Til slutt vil eg avslutte turen min fra forige lørdag med først strandnellik på svabergene, og til slutt eit bilde fra Liknessanden. Så blir det fortsettelse på turen i morgon tenker eg.




1 kommentar:

  1. Åååå så mange flotte bilder <3 Og DE fargene i solnedgangen da gitt!!!

    SvarSlett