RUNDE:
Etter å ha kome meg opp på Rundeplatået tidlig på morgonen, og fotografert Storjo (de bildene er på min forige blogg) bar det videre mot Lundeura. Men først måtte eg ut på kanten og sjå kva som møtte meg i stupa. Og langt nede fauk masse Krykkjer, og eg tok kamera med telelinsa for å sjå bedre kva som befant seg i området. Og langt nede på ein knaus satt det ei Havørn, og den ville eg ha bilde av så da begynte eg å gå ned bratthenget. Eg måtte væra svært forsiktig for graset var våt, og kom ein på gli her da var ein fort ferdig.
På bildet kan du skimte ørna på toppen av klippen. Men eg måtte enda lenger ned om eg skulle få gode bilder. Og nærmere og nærmere kom eg ørna.
Det viste seg å væra ei ung ørn, 2K, eller 3K.
Skulle nok gåttt enda lenger ned, men eg skulle jo opp igjen og, så eg måtte nok snart snu.
Men det viste seg også at det sat ei anna ungørn på ein annen knaus som eg fekk tatt bilder av før eg begynte oppstigningen.
Da eg omsider hadde fått slete meg opp igjen, gjekk eg til Lundeura, men der var det ingen ting å sjå. Så da blei neste mål Havsule kolonien.Her gjekk eg ned på ein knaus og fekk tatt bilder av desse store og staselige fuglane.
Det var eit ganske bra leven fra Havsulekolonien, og de kunne krangle ganske mykje med naboene i kolonien.
Men de kurtiserte også for ektemaken, og det syntest eg var kjekt å følga med på. De har eit heilt spesielt nebb, og er lett å skille fra andre sjøfugler av fleire grunner.
Og her er det ingen tvil om at det er kjærlighet inn i bilde.
De kan minne om albatrosser i flukt, og har nokre lange elegante vinger, og er nokre store mestrer i lufta.
Havsula i flukt blir mine siste bilder på denne bloggen, men følg med, i morgon fotsetter eg med alt det spennande eg opplevde på runde denne flotte onsdagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar