fredag 15. juni 2012
Runde 06.06 kveld
Så kom vi endelig fram til Lundeura, og stilte oss opp i lag med ein bråte andre foto og filmhekta folk. Nokre sto til og med og brifa med sine svære Canon linser. Men eg visste at eg hadde den besta linsa, ei steingammal manuell 300 mm med konvørter (1,4 X). Ikkje ideel til fluktbilder som du ser på bildet over, men siter fuglene på bakken, DA.
Men på detta bildet hadde eg flaks og fekk fuggelen rimelig skarp. Og på det neste bildet hopper Lunden i fra ein stein til stein.
Her ser du ein familiesammenkomst på ei knaus, og dei er utrulig vakre.
Av og til landa Lunden ganske nær, og da kunne ein ta slike nærbilder som dette.
Det var ein varm flott dag her i Lundeura, og også for Lunden, så her setter han i gang med litt innebygd earcondision.
Men så fauk alle plutselig ut igjen på nye fisketurer, og Lundeura blei tom igjen for denne vakre sjøpappegøyen. Så det var kanskje på tide å komma oss tilbake til hytta igjen. På vei attende blei det mulighet å ta nokre bilder av Norges største rovfugl, Havørna.
Nokre gode bilder blei det ikkje, men men, på dei neste to ser du at ein Ravn som er ganske så agresiv mot Havørna (pell deg vekk fra reiret mitt).
Dei siste bratte bakkane ned til campingplassen rant det ein stor bekk som eg tok nokre bilder av.
Det er vakkert når ein får med desse store vakre Kjempesoleiene som du på ser på bildene over og under.
Måtte og ta bilde av ein liten foss lenger oppe i bekken, og lurer du på kva gule blomstrer du ser i bakgrunnen så er det Kusymrer.
Og til slutt på dagen så blei kvelden krona med ein flott solnedgang. Og det blir også de siste bildene fra Runde denne gang.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar