Utover mot Holmen på Åkrahamn har ein lokal kunstner prydet murgelenderet over brua, og minnet oss om vår Åndelige arv i vår historien. I strandkanten her ute dreiv ein Tjeld og leita etter mat.
Og han gav seg ikkje før han hadde fått pirket laust eit albuesjell med spesialværktøyet sitt.
Men ein ting er å få det laust, ein annan ting er å få laust innmaten. Og det såg ut som den har brukt spesialværktøyet før, for hjammen greide han det og ganskte snart.
Her eit bilde mellom sundet mellom Øyno og Holmen på Åkrehamn.
Vandringa mi gjekk vidare, og ut på svabergene utforbi Tjøsvoll vest. Her var det eit lite frodig dalsøkk som det var mykje strandblomstrer som måtte fotograferast.
Den øverste planta her er Strandsnelle og ei typisk strandplante som du bare finner i strandsonen, men plante nummer to har eg også funne på Hardangervidda og heiter Legevendelrot, og er nok ei plante som nok har vært brukt i vår urtemedisinenarv.
Avslutter denne bloggen på mi vandring mot Sævelandsvik med nokre fargerike planter.
Siste bildet for denne gang tok eg med den nyinnkjøpte ringblitsen. Den hjelper mot for harde skjygger på bildene, og for store kontraster. Ypperlig i sollyset f.eks.
Fantastiske bilder alle, og så fargerikt med blomstene.
SvarSlett