søndag 17. juni 2012

Liknes-Åkrehamn kai. Karmøy

Fred.15.06.12


Fredag hadde eg ein flott tur fra Liknes der eg bur, og til Åkrehamn kai. Sjølv om dette er ganske tett inn på bebyggelse så fekk eg mange flotte naturopplevelser. Og det ønsker eg å visa gjennom nokre bilder. Over ser du denne unike strandperla som eg har rett utforbi stueglaset.


Denne lyse sanden vi har her er egentlig ikkje sand, men knuste lyse skjell, derfor denne lyse fargen.


Eg hadde allslags linser med meg på turen, og nå er det så mykje flotte strandplanter som er komen, og er som juveler i strandkanten.



Stadig vekk oppdager eg små små innsekter som eg aldri før har sett, slik som denne, ikkje store krabaten.


Svart homla har eg fotografert før, men er svært vanskelig å få gode bilder av på grunn av den svarte fargen.



Her leiter den etter nektar på nokre Tiriltunger.
Utforbi Åkrasanden oppdaget eg ein ærfugl med tre unger.


Artig å sjå kos de etteraper foreldrene, som du ser på dette bildet. Etterpå trong dei ein kvilepause i all matleitinga.


Og mora passer godt på de, for det er mange som kunne tenkt seg ei andasteik, og denne ungeflokken har nok ganske sikkert vært større da de var nyfødte.


Her prøvde ungene å søke ly under mora, men ho hadde ikkje tid til denslags nå midt på lyse dagen.



Det kommer fleire bilder fra denne turen i snart, men eg har lyst å avslutta med litt forsjellig anna småplukk fra turen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar