Mand. 23.01. 2012
Torrevieja:
Ein ny flott dag i Torrevieja, med nydelig solskinn og blå himmel. Synd det ikkje blei så mykje solskinn på mitt reisefølge. Begge blei sjuk i går kveld (omgangsjuka) og har ikkje orka å vært i sola. Det har helst blitt senga på dei i dag. Men eg har vært ute på to fugler/fototur i det nydelige været. Og her kommer nokon av bildene:
Ein av de første fuglane eg fekk auga på i dag var Svart rødstjert. Tydelig at det er mange av de for eg såg de over alt i skråningene ned i mot sjøen. Her er det ein som vinker til meg.
Uventet på morgonkvisten i dag hoppa det ein hare foran meg på stien. Var ikkje klar over at de holdt seg i eit område med så mykje mennesker og bikkje. Men fekk heldigvis eit bilde av han før han hoppa i skjul.
I dag blei det alikevell på formiddagsturen brukt mest tid på ei svala som eg aldri har fotografert før.
Klippesvala satt i nokre nesten stubratte skrenter over stranda. Og det å koma seg på fotohold var ikkje gjammen ikkje lett. I dag var det godt at Tone-kone ikkje såg meg. Det blei omtrent klatring i mykje laus grus og småsteiner. Så ufarlig var det ikkje, men kva gjer ein ikkje for eit godt fuglebilde.
Her ser du bratthenget eg måtte opp i for å få nokre brukbare svalebilder.
Klippedua er litt større og kraftigare enn vår Sandsvale. Det letteste kjennetegnet er de kvite feltene på undersiden av halen. Opp i skrentene her kvilte Klippedua mellom innsektsraidene og det kom og forsvant svaler her hele tiden. Og innimellom lettet alle på ein gang.
Det er ei ganske kompakt svale, men fantastiske seilere. Alle som fotograferer fugler veit at eit av de største utfordingene er å fotografere svaler i flukt. Men i dag hadde eg hellet med meg. Eg fekk faktisk eit skarpt bilde av Klippesvalen ute på innsektsjakt. I dag syntest eg at eg virkelig hadde gjort ei bragd.
Det blei og macro fotografering i dag, men mykje innsekter og ville blomster er det ikkje på denne tiden av året. Kva denne blomsten heite veit eg ikkje, men sansynligvis ein orkide.
Heller ikkje spør meg kva denne vepsen heite. Har ingen innsektsbok, eller blomsterbok med meg.
Men vakkre var de begge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar