onsdag 2. mai 2012

Tur til Steinbru i Tysvær

Tirsd.01.mai


På tirsdag 1 mai blei da ny tur til Steinbru i eit fantastisk vårvær. Vindstille, blå himmel og sol, og flotte naturskjønne omgivelser, ein kjempekjekk turkammerat. Kan ein ønska seg noko meir denne formiddagen i Tysvær. I dag hadde Jan og eg til med med oss ein kano på turen, så turen vår ble helt perfekt. Ein av mine flottaste 1.mai dager noensinne.


Det skal ikkje stikkast under ein stol at Jan og eg hadde skumle planer om å prøva å få nokre bra Trektyperbilder denne dagen. Men som du ser på dei to første bildene så blei det også bilde av andre ting også. Som f.eks. Steinbruvatnet. Men me måtte etter ein kjekk padletur setta kanoen i frå oss, og baksa oss opp i furu/granskogslia til plassen me hadde tenkt å setta opp kvar vår kamuflasje.


Så blei det fira timer i kamuflasje, det høres nok lenge ut, men me hadde med oss mat og drikke, og så var det denne spenningen da. Denne fuglen du ser over er ikkje Trekryperen, men ei Bokfink hu på leit etter reirmatriale til reiret sitt.
Men på dei næste bildene ser du Trekryperen, ein liten vakker fugl som leiter etter biller og larver på trestammene.



De er gråepraglete på ryggen og hode, mens brystet og kinnene er nesten kvite. De har føtter og klør som er spesialbygde for dette livet, og ein ser aldri denne fuglen på bakken, men tilbringer hele livet sitt  oppe i trærne, og om vinteren overvintrer i de norske skogane.



Eit annen kjennetegn er også det krumme nebbet, og det er ingen andre norske småfugler som har, spesialbygd verktøy for å komme til i sprekker, og hulromm i trestammen eller barken etter småkryp.


På heimover turen blei det både lanskapsfotografering og macro. Her nokre speilbilder fra Steinbruvatnet.



Macro bildene blei i dag av Blåfiol, Syreblomst, og den siste har eg ikkje peiling kva navnet er.





Eg vil avslutte bloggen min i dag fra Steibruvatnet som denne dagen (1.mai) låg aldeles speilblank denne dagen, så vakkert så vakkert.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar