Tirsd.15.mai 2012
STEINBRU:
Så var Tone og eg atter ein gong til Steinbru, og det blir nok ei god stund til neste gong nå. Ikkje det at eg er lei plassen, men nå venter det nye utfordringer andre plasser i landet.
Det var stille og vakker morgon då me kom inn til Steinbru. Og mitt mål for dagen var å få bedre bilder av Gjerdesmetten. Og ein del bilder fekk eg, men var ikkje heilt fornøyd. Her kommer to av de beste, og eg vil skyta inn og sei at fuglen er bare 9 cm. lang, og aldri i ro.
Men så kom regnet og me måtte pakka oss fort i bilen for å dra heimover. Men regnet var svært lokalt, for da me kom til Grinde var det der mykje lysare vær der, så me kjørte da til Stemnestaden på Grinde, og fotograferte nedover mot sjøen i staden. Her ser dåke Tone i full aksjon med kamera.
Omsider greide eg å få hennes oppmerksomhet, og fekk tatt to koselige bilder av henne.
Her blei det mykje macrofotografering, og her først ein løvetann, deretter engkarse med selskap av ein liten krabat.
Det var også andre små krabater ute i dag. Denne som kommer på bildene under får vi kalle "lynvingen."
Og den kom rett imot meg i ein forykende fart.
Men heldigvis svingte den av i siste liten, og eg slapp med den store skrekken. Hadde den troffe meg i den store farten så hadde den knokke alle beina i kroppen sin, og påført meg store smerter.
Etter at hjertebanken hadde gitt seg blei det ein del duggråpebilder i graset.
Fant og nokre eksemplar av Kvitveis mesten lilla på farge, dei synest eg er ekstra vakre.
Bladene på trærne er ekstra flotte nå med den lysegrønne fargen. Her nokre hasselblad, og lønneblader.
Låvesvala er nå komen tilbake, og er ein vakker fugl som vi mest ser når den fyker forbi i stor fart på leit etter flaksende innsekter.
Ein annan vakker fugl vi såg på Grinde var Spettmeisa, som varslet voldsomt ved elva, og hadde nok reir i nærleiken.
Eg vil avslutta bloggen min i dag med først ein ganske bølgete tresopp, og knopper av Liljekonvall som også er eit flott vårtegn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar