søndag 27. mai 2012

Hardangervidda-Måbødalen 24-25.mai

HARDANGERVIDDA 24.05


På onsdag bestemte eg meg for at no ville eg få med meg soloppgangen torsdag morgon på høgvidda, og da måtte eg svært tidlig opp, ja faktisk tre om norgonen, og før halv fira på morgonen tok eg detta første bildet, og ein ser at morgonlyset er på veg.


Meir og meir rosa lys komm, og eg kjører enda litt lenger øst, og finner til slutt ein bra plass som du ser på bildet over og under.


Det blir etter kvart meir og meir lys på himmelen, og eg går bort til en bar flekk tredve meter fra bilen. Plutselig oppdager eg noko som springer avgårde og tar nokre få vingeslag. Eg oppdager fort kva fugl det var.


Det er litt mørkt til å få kjempebilder, så eg skifter ut fuglelinsa med macroobjektivet, og åler meg nærmere Sandloen som sitter dørgene i ro på den bare lyngflekken.


Først er eg ca. fira meter i frå med min 90mm macrolinse. Og eg åler meg nærmere og nærmere.


Det blir til tre meter, og til slutt til to meter, og fuglen sitter like i ro, dette er ein liten fugl ikke større enn ei trost, ca.19cm lang.


Så kraup eg forsiktig tilbake og tok fuglelinsa på og tok eit siste bilde av Sandloen fra fira meter. Ein nydelig kjekk opplevelse. Det er første gangen eg har vært så nær ein voksen Sandlo. Og reir hadde den nok ikkje enda i tjukksnøen.


Så blei det nokre landskapsbilder i det fantastiske morgonlyset, som blei ei uforglemmelig opplevelse.


Og eg visste at det nå ikkje var lenge før sola kom opp så her var det å ta mest mulig bilder på kortas mulig tid.




Så begynte sola omsider å titte over fram over høydedraget i øst og ga eit vakkert lys i snøheimen.




Dette gav også lysmulighet til resten av vidda, og førte til flotte konturer i snøformasjonene.




Men no hadde eg vært her i to timer og begynte å bli trøtt, og det var på tide å komma seg heim etter ei veldig kort natt, men underveis blei det alikevell to-tre stopp.



Siste stopp blei Bjoreia som rant ganske så stri nedover Bjoreidalen, og skal snart kaste seg utforbi dei første bratthenga.



Vassmengdene som paserer meg her vil om nokre minutter fare utforbi nord europas største vannfall (ikkje lengste) som eg hadde store planer om å gå å fotografere ut på ettermiddag og kveld.
Etter nokre timer med søvn var det ut på nye eventyr. Denne gangen var det fugler som sto på knipsemenyen. Rett før eg kom opp til hytta fekk eg og sjå ein harepus i vinterdrakt.




Løvsangeren var der og sang av full hals på sine vakre varme triller. Og den virkelig sang sommeren inn i våre hjerter. Ein annen fugl som plutselig dukket opp i dag vat Tornsangeren, ein vakker sangfugl som liker seg i litt gresent eineberg område. Her satt den og sang på ein bjørkekvist.



Er så takknemmelig glad for alle desse flotte fugleopplevelsene  eg fekk opplevde her oppe i kanten av nordeuropas største høgfjellsplatå, Hardangervidda.
Denne torsdag ettermiddag drog vi ned til Øvre Eidfjord og koste oss på Kafe. Og vi tok litt bilder på turen.


Vi bestilte oss middag på kafeen ved villmarsenteret, og mens eg venta på maten tok eg meg ein tur ut og fotograferte. Og her blei eg vitne til ein trist skjebne. Utforbi inngangsdøra låg ein død Bokfink hann, men ektefellen hoa levde, men var heilt ferdig. Den hadde mange lange hår i nebbet som vitnet om ein kamp på død og liv.


Mest sansynlig her så tett inn på mennesker så har det vært ein katt som eg trur har vært på ferde. Vi prøvde å setta den opp på ein stolpe. Men den var for utmattet til å sitta der lenge.


Vi måtte setta den på graset og gå inn å eta maten vår.


Det var god mat vi hadde, og her koser vårt kjekke reisefølge seg med den vellsmakande maten.
Heldigvis gjekk me ut og såg kos det gjekk med Bokfinken etter maten, og det såg ut som den hadde kviknet litt til. Men me måtte skynde å redde den før komunens lille plentraktor kom og lagde lappskaus av han.


Oppe på taket på kafeen koste gjeitene seg i det tjukke graset.


Her koser Tone og barna seg ved ein fontene utforbi Villmarkssenteret.



På ettermiddagen og kvelden hadde Jan og undertegnede tenkt oss på tur for å få gode bilder av Vøringsfossen. Her har vi tatt nokre bilder fra stupene over fossen. Dette er ein sidefoss.





Men me hadde tenkt oss i dag heilt inn til rota av fossen. Og da måtte vi ut på ein fottur på ein halv times tid. For oss fotogalne tok det mykje lengre tid.


Først måtte vi ned ei ganske bratt li, og så var det å bakse seg fram gjennom fleire store urer langs fjellsida. Her var det fleire stryk som vi måtte forevige på veien mot målet.


Her er Jan i full sving med å stille inn stativ og kamera for å få nokre slørbilder av de ville strykene.



Men det var inn til Vørinsfossen vi skulle. Men før me kom heilt inn var det eit par planter som møtte min store oppmerksomhet.



Kva den øverste heiter veit eg ikkje, men på bildet over og under er det Fjellsildre.



Jo nærmere vi kom Vørinsfossen jo våtere blei det. Har aldri sett fossen før så stor, så her vart det virkelig ufordringer for våre kamera, og ikkje minst linsene.


Over den gamle hengebrua måtte vi for å komme oss opp til fossen som du ser i bakgrunnen. Og Jan som ikkje stoppet for å ta bilder av planter var komen mykje lenger enn meg.


På bildet ser du han allerede i sving med å stille inn kamera og stativ. På bildet ser du bare øverste del av fossen.


Når eg kom meg heilt opp der Jan nå er på bildet, måtte eg dekka til linsa heilt til eg trykte på selvutløseren, og da var det å tørke dråper fra fossen til den store gullmedalje heilt til ein hørte siste pipet fra selvutløseren.


Så var det å pakke alt full fart ned før det blei for vått, og begi seg på heimvegen. Og her kommer bloggens siste bilde for dagen. Det blei ein utrulig innholdsrik dag på alle måter.