Tidlig på ettermiddagen drog eg i lag me ei av mine døtre, barnebarne mitt, og ei vennina av mi datter til "speierplassen og grille og kose oss. Der var det mykje folk i det fina været. Da dei bestemte seg for å dra heim tok eg meg ein lang spasertur i marka i det flotte været. Målet var Liknes sørøst.
Stien oppover mot Åkra Fjellag si hytta gjekk på grusa sti, og her oppe på ei høyda med fin utsikt mot vest hadde de bygd hytta si, med også ein grillplass.
Men eg skulle ikkje stoppa her, så eg drog vidare. Med kun macro linse med blei det nokre macro bilder. Her av Hestahov som vaks i kanten av stien mange plasser.
Det er ei spennande tid nå, i det eine øyeblikk så ser du flotte vårtegn, og i det neste vintertegn.
Denne ser unektelig litt kanten ut, og bedre blir det ikke om eg snur den på hode.
Det viste seg at stien vidare og var grusa, så fristelsen til å følge den var stor, og det viste seg at eg fulgte han litt for lenge, så turen tilbake til Liknes sør blei mykje lenger enn eg hadde tenkt. Først gjennom ein stor skog som eg aldri har vært i før, så over ein del myrer og ein del haug og hammer. Brått sprang det eit rådyr som eg hadde støkt fra dagleie i ein voldsom fart. Eg fekk slengt etter den to tre bilder med mitt macroobjektiv (90mm). Men det blei langt hold, så bildene blei der etter.
Etter den hastige opplevelsen (trudde ikkje eg såg så fæl ut) så bar det vidare over nokre nye myrer og knauser. Her ser du eit fint våtmarsområde på min vandring mot vest.
Så bar det inn i ein ny skog som har navnet Herbergstammen, og denne skogen har eg vært i mange ganger før. Då eg hadde baska meg eit stykke inn i den gamle furuskogen oppdaga eg noko lyst bare 10-15 meter forann meg. Hare Harepus sto på to bein og været, men fekk ikkje teften av meg på grunn av vindretningen. Fekk tatt fleire bilder før den oppdaget meg og sprang.
Haren er i eit litt underlig syn på denne årstiden, den er nå i mytetiden, men denne har fortsatt mest av vinterpelsen.
Så var det ut på myrane igjen før eg omsider begynte å nærma meg den første garden på Liknes sørøst.
Her var det ganske mye fugleliv, som Grønnfink, Rødvingetrost, Ravn, Stær, og ein syngende Bokfink som eg fekk eit halvslakt bilde av (hadde kun macrolinsa med), og ei syngande Kjøttmeis.
De to siste bildene er for meg ganske så sterke vårtegn, nemmelig lam, og Linerle. Denne er faktisk den første eg har sett i år (om eg ser vekk i fra Syd Spania turen da). Skal nok få finere bilder av den etter hvert.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar