Mand.23.04
ORRELEIK:
Tidlig i dag morges (kl.0400) var Jan og eg på plass for å oppleve eit av vårens flotte øyeblikk, Orreleiken. Det var ekstra kjekt denne gong fordi det er over 10 år sidan sist. Og skal ein på orreleik uten å forstyrre dei så mykje så må ein være tidlig på plass. Og denne morgonen så var det heilt vindstille, og bra lys, så med andre ord så var det ideelle forhold. Men ikkje for foto dei første par timane.
Men etter kvart så kom morgonlyset, og vi kunne gjera oss klar for å ta bilder. Og spesielt den siste timen då sola var komen skikkelig fram var det perfekte forhold.
Og der satt han og utøste sitt vårspel ut over Karmøyheiane, slik nok Orrfuglen har gjort det i umindelige tider. Det er desverre synd at eg ikkje kan legga lyd på bloggen for her skulle det absolutt vært lydopptak.
Å være på Orreleik er lika kjekt kvar gong. Og når Orren kommer med huskjinga si og åpent nebb, da er det flott å høyra og sjå kan du tru.
Antagelig så hadde det ikkje blitt noko på denne hannen enda, for han holdt på heilt til kl.0800 på morgonen, og sola stod høgt på himmelen.
Men omsider var han fornøyd med morgonens kurtisbuldring, og pakket sammen den kvite halen.
Så var det for meg og å pakke seg heimover, og ta litt stemningsbilder underveis, og på dette bilete ser du Sandvatnet.
På heimoverturen fekk eg også tatt nokre bilder av Stæren, som også holdt morgonkonsert i det flotte vårværet.
Stæren er nå i full gang med å bygga seg reir, og da trengs det masse stråbiter. Eg vil avslutte bloggen med eit par bilder tatt rett utforbi huset då eg parkerte bilen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar