onsdag 4. april 2012

Tur Bliksavn-Burmaveien Karmøy

Tirsd.-Onsd. 03-04.04

BLIKSHAVN


Eg var oppe tidligt tirsdag morgon og fekk konstatert ein nydelig kjennsgjerning. Fantastisk påskevær. Så her var det å få laga frokost, smørt niste og få opp Tone kone. Det siste gjekk over all forventning, så da bar det på påsketur til Bliksavn i det nyyydelige været. Ein flott og lun plass som forøvrig ligger på østsida av øya. Bare 15-20 min. kjøring unna.


Det var litt nordavind da vi kom, men den avtok etter hvert, så her låg det tilrette for ein flott dag i sjøkanten på Bikshavn. Det heile startet med litt landskapsbilder, men gjekk etter kvart over i macrofotografering.
Og her var det spennende is på småpyttene som måtte utnyttes før det smeltet.



All ære til alle kunstnere, men du finn ikkje vakrere kunstverk enn Guds skaperverk. Det einaste eg har gjort i reddigeringa med desse bildene er litt meir kontrast, og mørknet dei ein tanke. Ja, is kan være utrulig vakkert.



Da eg holt på og fotografere borte i ein skråning i eit snøområde, der eg tok bilde av denne planten som stakk ut av snøen


skimtet eg ein liten krabat som landa i ein stubbe rett framforbi meg. Eg måtte gå opp og sjå kva det var, og da oppdaga eg ei meis som kom opp frå eit hål i bjørkestubben. Eg kjikka bort og kikket på stubben, og konstaterte at her holdt Toppmeisa på og laga seg reir. Det jublet inne i meg, endelig bilder av denne skjeldne og vakra meisa som eg aldri hadde fått anledning til å fotografere før.


Her ser du den i full gang med å få måsen ned i reiret. Våre gode venner Jan og Julia kom også til Blikshavn like denne formiddagen, og Jan var heilt i hundre når han hørte kva mulighet som bau seg. Eg gjekk opp til bilen etter kamuflasjen, og etter få minutter hadde vi fått opp "pop opp" kamuflasjen, og med oss inni.


Det blei mange bilder av denne vakre meisen, med den grå og svartspraglete hetta på hovude, som var ivrig i arbeid med å få reirmatriale inn i gropa si.


Denne meisa er mest tallrik på austra siden av Karmøy der det er litt meir skog, og det er denne avhengig av, og liker nok egentlig best blandingsskog slik som her.


Det som skiller den fra alle andre meiser er denne karakteristiske hetta som du ser så ganske godt på de neste to bildene.



Det blei hardere og hardere lys som ikkje er ideelt for fotografering. Så Jan og bloggaren bestemte at vi ville væra der tidlig neste morgon for å prøva å få enda bedre bilder, og håpa på bra vær.


Onsdag 04.04
Det blei lika fint vær som dagen før, og vi kjørte over Burmaveien med store forhåpninger. No skulle me til Blikshavn og prøva å få kanskje enda bedre bilder av den flotte Toppmeisa. Vi tok med oss pikk og pakk og gjekk ned til sjøen. Men, kva, kor var stubben, å nei, den var knust. Da husker vi på at mens vi satt i kamuen dagen før, så kom det ein bil med tre ungdommer i (ikkje lovelig å kjøra her). Men dei forsvant da dei såg oss. Dei har nok våre nede igjen seinare på dagen når vi var dratt og smadret stubben. Håper bare inderlig at ikkje ein av meisene var i når de ødla stubben. Harmen mot den eller dei som hadde gjort det var ganske stor. Ikkje først og fremst på grunn av fotograferinga, men for det stakkars Toppmeiseparet som sikkert var omtrent ferdig med reiret. At det går an å ha så lite vet, eller totalt mangel på vet.


Så denne flotte bjørkestubben eksisterer i kkje lenger, og heller ikkje reiret til desse vakre meisene.
Jan og eg drog da slukøret og så skuffet og sinte opp på Burmaveien for å finna andre ting og ta bilder av, og prøva å glømma kva desse tullingane hadde gjort mot Toppmeisene.
Vi stopte først ved Kigjavatnet som låg og speilte seg damstilt i sola. Eit vakkert syn denne nydelige morgonen.



Neste stopp blei Sandvatnet eit stykke lenger vest, og her låg og vatnet og bada seg i sola uten så mykje som ei rokke, og med enda litt frostrøyk igjen etter natta.


Enkelte plasser låg det også is på vannflata enda vi er komen ut i april mnd. Men dette må me rekna med enda ei tid framover om me får høgtrykk som i dag.


Hestahoven i vegkanten likte seg nok ikkje lika godt som me gjorde på morgonkvisten, der den låg i veikanten overdekka av rimkrystaller.


Så blei da ei stund her ved Sandvatnet fotografering av rimkrystaller, og Jan fekk prøva sitt flonkande nye macroobjektiv for første gang(Nikon 60mm macro, 2,8). Blir spennande å sjå resultata. Så til slutt så kjeme det nokre macro bilder av iskrystaller, før Jan og eg skal ut på nye eventyr.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar