Mandag 23.04.
ORRELEIK KARMØY SØRVEST
Tidlig mandags morgon for ei veka siden var eg på orreleik igjen. I dag var det meir skyer, men eg håpa at dei skulle løysa seg opp. Så til å begynna med så blei det ein flott soloppgang som måtte forevigast.
Sola kom opp ei kort stund for så å forsvinne inn under skyteppet som låg nesten over heile himmelen. Det blei eit flott lysspel før sola forsvant heilt, og blei vekke i mange timar denne mandagen.
Men eg var komen for å fotografera orreleiken så nokre bilder fekk eg, men det blei i staden for bedre og bedre lys, dårligere og dårligere. Og på denne blåsvarte fuglen så er det ganske så vanskelig, og det kreves å få masse lys.
Så derfor blei morgonen annerledes enn tenkt, og det blei derfor for meg mykje andre bilder i staden.
De siste solstrålene denne formiddagen blei sendt ned før sola forsvant heilt bak tjukkere og tjukkere skyer.
Og her kommer også dei siste bildene av Orrfuglen, her ser du på bildet under at han går og samler småstein i kråsen.
Og den siste konserten den holdt denne morgonen var i toppen på ei gran.
På vei heim blei det både landskapsbilder og macrobilder. Her ser du Sandvatnet på Karmøy.
Som du ser på bildet over så var det nå begynt å regne, og det ga meg mulighet å få ta bilder av vanndråper som hadde samlet seg over alt.
Her ser du også nokre bilder av skjegglav som veks på greiner og stubber på gamle trær.
De siste bildene eg tok på denne turen blei av meir vanndråper.
TUR PÅ LIKNES/MEDHAUGSANDEN:
Ut på ettermiddagen blei det lysare og lysare på himmelen, og til min store glede så hadde min kjære Tone også lyst å være med. På bildet over ser du litt av Liknessanden.
På bildet over ser du eit Liknestroll som jubler etter at det fekk veta at det fekk penger igjen på skatten. Det blei også noko macrobilder på denne turen.
Dette området rundt strendene er et fantastisk område for fotografering, og det blir aldri like bilder, for her skifter været heile tida.
Om vi er i lag for å ta bilder så blir aldri bildene like. Og veldig ofte så overasker hun meg med å finne flotte motiv som eg overser. Men det er litt av spenningen, og gleden ved å fotografera at resultatet blir så forskjellig.
Det er også så kjekt for ein macrofrelst at de små innsektene er begynt å vokne til liv igjen.
Tare og tang lager flotte fargespel både på land og nede i sjøen, og gjør naturen her ute i havgapet så unik.
Ja, nå får eg gje meg for denne gang med de tre siste bildene, og håper dette gjer deg meirsmak til å komma seg ut og suga til deg vårens vakre årstid.
mandag 30. april 2012
mandag 23. april 2012
Karmøy- heiane i sør.
Mand.23.04
ORRELEIK:
Tidlig i dag morges (kl.0400) var Jan og eg på plass for å oppleve eit av vårens flotte øyeblikk, Orreleiken. Det var ekstra kjekt denne gong fordi det er over 10 år sidan sist. Og skal ein på orreleik uten å forstyrre dei så mykje så må ein være tidlig på plass. Og denne morgonen så var det heilt vindstille, og bra lys, så med andre ord så var det ideelle forhold. Men ikkje for foto dei første par timane.
Men etter kvart så kom morgonlyset, og vi kunne gjera oss klar for å ta bilder. Og spesielt den siste timen då sola var komen skikkelig fram var det perfekte forhold.
Og der satt han og utøste sitt vårspel ut over Karmøyheiane, slik nok Orrfuglen har gjort det i umindelige tider. Det er desverre synd at eg ikkje kan legga lyd på bloggen for her skulle det absolutt vært lydopptak.
Å være på Orreleik er lika kjekt kvar gong. Og når Orren kommer med huskjinga si og åpent nebb, da er det flott å høyra og sjå kan du tru.
Antagelig så hadde det ikkje blitt noko på denne hannen enda, for han holdt på heilt til kl.0800 på morgonen, og sola stod høgt på himmelen.
Men omsider var han fornøyd med morgonens kurtisbuldring, og pakket sammen den kvite halen.
Så var det for meg og å pakke seg heimover, og ta litt stemningsbilder underveis, og på dette bilete ser du Sandvatnet.
På heimoverturen fekk eg også tatt nokre bilder av Stæren, som også holdt morgonkonsert i det flotte vårværet.
Stæren er nå i full gang med å bygga seg reir, og da trengs det masse stråbiter. Eg vil avslutte bloggen med eit par bilder tatt rett utforbi huset då eg parkerte bilen.

Abonner på:
Innlegg (Atom)