søndag 12. februar 2012

Tur Liknes nordvest, Karmøy

Søndag 12.02.


I dag i flott søndagsvær ville midt barnebarn være med på tur. Og det skulle visa seg at han bringte meg lykke i dag når det gjalt fotograferinga. I dag blei det tatt bilder av litt av kvart og dei neste bildene er rester av eit gammalt fiskefartøy.



Det blei som sagt ein kjekk tur i det fine været og i enden av Liknessanden kjempa fortsatt vinteren mot den kjennsgjerning at det går mot vår får eg håpa. Fortsatt hong det litt is igjen i fjellveggen.


Bildet under er fotografert i ein plastbåt som var islagt  oppi, pluss eit garn som henger over tofta. Slike ting kan gi fine fotomotiv.


For dei som er fuglainteresert og leser bloggen min så blei det nokre godbiter i dag og. Først ute er ein han Siland. Ei vakker and med andefamiliens smalaste nebb.


Denne skoyaren skulle ha det litt løye med meg. Når eg endelig hadde fått stilt skarpt så dukka skoyaren.



Og som ikkje det var nok, når han kom opp igjen så lo han godt av meg den traven.


Gerhard Emil hadde i mens funne seg ein svær isklump som hadde dåtte av fjellknausen.


Etter me hadde gått eit stykke til, over nokre knauser var det ein voksen Ærfugl han som var på matjakt i dypet. Og det såg ut som den og skulle ha det løye med meg den og. Akkurat når eg hadde fått stilt skarpt så dukka han ned i dypet.


Men eg sto klar når han kom opp igjen og fekk heldigvis eit par fine bilder.



Havelle han var også ute på matauke denne dagen.


Ei nydelig and, men når den blir på det vakreste ut på våren da forlater den kyststripa av Norge og drar til fjells i innlands Norge. Og da har den enda vakrere fjærdrakt. 


Her i denne lille smale vika på Liknes fekk eg meg ein flott naturopplevelse. Da eg gjekk innover så var det ein ungfugl av Ærfugl som og på død og liv skulle inn og leite etter mat. Og han veik ikkje, og eg veik ikkje med det resultat at eg fekk mange flotte bilder av han på veldig kloss hold. Heldigvis så hadde Gerhard Emil noko å gjøra i mens med å leita etter ting som hadde reke inn i fjæra.


Eg fant eg fant sa Espen Askeladd, og Gerhard Emil fant og seg ein sprettball og ein stor rusta og sund lighter. Men tilbake til den unge ærfuglen. Nå kommer det fem bilder av denne spesielle anda som har alltid vært ein viktig del av kyst Norge. Og heldigvis har tatt seg opp igjen i antall langs vår langstrakte kyst.





Det blei ein flott tur med mitt kjære barnebarn i dag, og det blir nok fleire turer utover for oss to.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar