Onsd.08.02.12
På Liknessanden i dag var det ei farlig og dyp issprekk som eg måtte passe meg for å ikkje falle ned i (var ca.15 cm. dyp). Men det gjekk heldigvis bra så eg kom meg velberga vidare.
Noko av det spesielle i dag var ei Vipa som flaug over Åkrasanden mobbet av ei Gråmåke. Ellers så var det ei and som såg ut som ei Svartand, men den hadde vingene til ein Sjøorre, men manglet heilt den kvite flekken rundt auga. Så eg lurer på om det er en hubrid av Svartand og Sjøorre.
Og den hadde nebbfargene til Sjøorren, så mest sansynlig ein Sjøorre. Ellers så låg Bergendene inne med Åkrasanden i dag, men eg såg bare 3 stykke i dag (1 hann og 2 huer). Ellers så var alt det vanlige som Svartbak, Gråmåke, Fiskemåke, Kråke, Skjære, Ærfugl, Stokkand (6) Havelle (ca.15) og Kvinand (2)
Såg litt meir småfugl i dag enn eg pleier. De begynner vell så smått å få vårfornemmelser.
Når eg ser Rødstrupen oppblåst som ein ball da lurer ein på om den har svælt ein tennisball.
Ellers så såg eg 2 Svarttroste, 2 Kjøttmeiser, hørte ein flokk meg Gråspurv, og ikkje minst så fekk eg sjå min første Rødvingetrost for året. Ein kjekk tur i flott vintervær.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar