onsdag 22. februar 2012

Fugler/foto

Onsd.22.02.12

Taravika, Ferkingstad, Liknes, Karmøy.



Dei siste dagane siden forige fugle/fototur har det blitt mykje småturer med og uten bil i nærområde. Hadde ein tur ein dag forige veka til Taravika, men det einaste som var å se der var nokre Skjærpiplerker og masse tare.


Forige veka var det det me kalla på godt norsk mykje skjitt vær. Ja, eine natta hadde det regna så mykje at mange av jordene sto under vatn. Ute på ein slik ny innsjø gjekk det nokre Gråmåker og lette etter druknet mark.


Men de fleste turer de siste dagene har gått til Liknessanden til fots. Og ein annen måke det er masse av rundt oss er Fiskemåken.



Som eg har nevnt mange ganger før så er det mykje skjære rundt oss der vi bor (for mykje). Men da blir jo muligheten å få tatt nokre bilder og.


Skjæra er ein stor utfordring å få gode bilder av, for det er ein ganske sky fugl. Men rett i hagen min fekk eg tatt nokre brukbare bilder.


Skjæra er faktisk ein ganske vakker fugl, men sto ikkje først i rekka då sangstemma blei delt ut.


Spennende mønster på plenen til ein av mine naboer. Åge og Gerd eg skal ikkje sei kven sin plen det var.


I går tirsdag viste heldigvis Karmøy seg frå ei flott side. Og det blei ein ny tur med mitt barnebarn til Liknessanden. Dette er som du ser av skyggene ganske tidlig på dagen. Og på det neste bildet ser du Gerhard Emil i full sving med å spa med ein spade han fant på stranden.



I ei kløft i fjellet ganske nær sjøen har desverre ein kar (som sikkert ikkje lever lenger) brukt som bossfylling. Der var det bildeler, masse streng, sykler og anna skrot. Og barnebarnet mitt måtte ha med seg heim ein steingammal eletrisk ovn (minner meg om at han har desverre samle-gener i blodet).


Det blei ein flott tur foresten. Men det var fryktelig sleipt etter alt regnet og sluddet, så turen ble kortere enn planlagt på grunn av knall og fall og skadd kamera (heldigvis vertikalgrepet det gjekk ut over og ikkje sjølve kamera).


Til slutt kjeme da nokre bilder av Havellen som begynner å bli vakrere og vakrere for kvar dag. Her ser du tre hanner som nå er i full gang med kurtiseringa som du vil sjå på de neste bildene. Tre  fire hanner som slost om den samme hoa.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar