tirsdag 15. oktober 2013

Første veka i Thailand hausten 2013

Mae Phim 8-14.10.13


Så blei da ny tur på oss til Asia, og første stopp var sørøst Thailand ca. 2-3 mil øst for Rayong på ei ganske ny turiststrand som ikkje har så mange hotell enda, men full byggeaktivitet lika ved hotellet der vi bur.


Her har eg ståle eit bilde av Tone, og her er undertegnede i farta oppe på taket på hotellbygget. Eit fint baseng som me for det meste får ha heilt for oss sjølve. Det er deilig med ein svømmetur etter frokost for å få moa opp alle de stive ledda.


Eine dagen leigde me ein skooter med sidevågn, ganske uvant å kjøyra, men morsomt og greit framkomstmiddel til  utforsking av nærmiljøet.


Stranda var bare 50 meter fra hotellkomplekset, og det var nyyydelig badetemperatur, rundt 27 grader som eg synest er ideell temperatur. Her koser ein Thai-familie seg like før solnedgang.


Her koser Tone seg i det reine og behagelige sjøvatnet, og ho elsker å boltra seg i vatnet. Men nå skal vi gå over fra forlystelser til eit veldig alvårlig tema: Naturen rundt hotellet.


Innforbi hotellet er det eit ganske stort våtmarksområde med ein del små og store vatn, og ein del både småskog og grove skog med høge trær.


På de våte grasmarkene gjekk det å beita nokre gigantiske kveg som nok er mykje i slekt med vannbøffelen, og da eg blei litt for nærgåande for å ta bilde av Kuhegren, begynte de olmt å gå mot meg, og da fant eg fort ut av det var lurt å trekka seg tilbake før eg rissikerte å sjå alt i fra flyperspektiv.


Du trong ikkje gå mange metrene før denne fluesnapperen med det engelske navnet Pied Fantail dukket opp og flakset og hoppet og spratt etter insekter. Ein flott fluesnapper med lang stjert.


Men det var mykje andre fugler å sjå så som denne Zebra Dove, den var ikkje stor, men den hadde fått navnet med rette.



Det var også andre ting som var vært å fotografere, så som denne sommerfuglen.


Eller denne vakre blomen.


Nydelige øyenstikkere er det mange av i dette våtmarksområdet, og skal ein sleppa å gå i sikksakk så måtte ein vassa mange plasser. Men tilbake til fuglane, som det nå vil avslutta denne første bloggen fra Thailand.


Ein relativt stor rovfugl sveva over teretoriet sitt (engelske navnet er Brahimy Kite) og var eit flott syn.


Yellow-vented Bulbul har eg og fått med meg på mine første turer.


Skarv er det også, litt mindre enn vår skarv, og denne heiter Indian Shag (eng). Får ikkje plass til alle arter eg har fotografert, men det blir ein ny blogg i gjen snart. Avslutter med ein ungfugl av Brahimy Kite.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar