BURMAVEIEN KARMØY
Tidlig denne lørdagen i fem tida på morgonen tørna det ut ein trøtt osing i håp om nye naturopplevelser, og kanskje eit blinkskudd å få. Nå er eg jo med i fotoklubben "BlinkSkud", så då måtte det vel bli eit blinkskudd vel?
Etter ein kort kjøretur var eg framme, og litt etter litt så blei himmelen lysare og lysare, og i takt med lysninga så steig og forventningane mine og. Kva ville eg få sjå? Kva ville eg høyra?
Fargane på himmelen blei flottare, og det nærma seg soloppgang, men det var merkelig stilt. Så her var det bare å venta, og i mens så brukte eg tida til å ta nokre bilder av månen før den heilt ville forsvinne.
Og så i ein busk tett at med veien begynte og ei Rødstrupe å synge sine raske triller. Olav var heilt i ekstase. Vååååååååren, våren er virkelig komen, og du og du for nokre vakre øyeblikk.
Denne lille runde fuglen med det rustrøde strupen har alltid vært min favorittfugl av småfuglane. Den har og ein vakker fuglesang som smelter mitt hjerta fullstendig denne morgonenstunda.
Nede på Sandsvatnet var det ein flokk med Brunnakke som holdt til, og dei veksla mellom leiting etter mat i det grunne vatnet, og vårens spennande kurtisspel over vannflata.
Men var det ikkje ei kjent buldring eg høyrte, jau så men, nå var leiken i gang. Nå var det å bevega seg opp til spelplassen så lydløst og forsiktig som mulig. Nå begynte det virkelig å brusa ei sitrande forventning i osingen/Karmøybuen.
Åh, der sitter han på ein knaus over myra og buldrer med sitt kjente orrespel, vakkert og svært spesielt. Det er ein av mine vår-høydepunkt ute i naturen her på Karmøy. Så annerledes enn alle andre lyder ein høyrer om våren. Eg får prøva å forsiktig komma litt nærare uten å skremma han.
Men så brott like at med meg lander det ein ny Orrfugl hann i ein busk. Åh, du verden dette blir kjekkare og kjekkare må eg seia. Og denne er så nært innpå at eg må forsiktig få fjerna converteren på linsa. Det jubler sterkt i mitt indre ein jubelsang, oy for eit øyeblikk. Så får eg forsiktig heva linsa mot busken og ta mitt første bilde av han i det flotte morgonlyset.
Heldigvis reagerer den ikkje på mitt nærvær, så eg får festa mange bilder på bildebrikka mi. Det er et skue og ein musikk som gjør meg virkelig andektig der eg sitter. Du og du for eit skaperverk vi får leva i, og for nokre vakre våropplevelser ein kan oppleva om ein trosser kroppens skrik etter meir søvn.
For ein vakker oppleving denne lørdagsmorgonen eg får ta del i. Men det skulle ikkje være slutt med dette. Nede ved vatnet har det stilt seg opp ein Gråhegre i vannkanen, i håp om å få fanga ein fisk eller ei padde.
Nå må eg sei eg er veldig glad for at Gråhegren ikkje begynte å synga, men den har vel forstått sin begrensning på detta området. Eg veit ikkje om eit styggare skrik enn hegreskriket. Men uansett så er det ein vakker og majestetisk fugl som eg er veldig glad me har i vår norske natur.
Ein annan langnebba fugl som også sang på sitt karisteriske måte var Mekregauken som me av og til kaller han på Os.
Og navet Mekregauk har den fått etter sin spesielle mekresang, eit navn som eg foresten synest er mykje bedre en navet Enkelbekkasin som den offisielt heiter.
Nå var frostrøyken begynt og forsvinna på vatnet og sola var i ferd med å avgi sitt flotte lys og varme på ein litt frossen fotokropp.
Men denne morgonen skulle by på enda fleire opplevinger denne nydelige vårdagen.
Ein Bokfink var og i gang med sin enkle og karakteristiske sang.
Linerla var her og, og er ein av mine flottaste vårtegn der den kommer pistrende, og vipper så tilitsfult med halen. Men det er vel på tide å venda nasa heimøve etter mange flotte øyeblikk. Men på vei heimover igjennom skogen bare 50 meter fra veien står det ein firbeint kjenning og kikker på meg ganske mistenktsomt.
Rådyret er blitt meir og meir vanlig på Karmøy dei siste årene, og er eit vakkert, vakkert dyr, sjølv om denne kolla er i ferd med å skifte hamm.
Låvesvala er også ein nydelig skapning som nå er komen tilbake til Karmøy etter sitt vinteropphold i Afrika. Til slutt i bloggen tar eg med eit bilde av Rødstrupen i den flotte morgonstemning fra denne magiske turen eg var på, og vil utfordre alle til å komma seg ut for våååååren er her folkens.
Fantastiske bilder og så godt skrevet . Tusen takk for at du deler. Nesten så en er med på turen.
SvarSlettSååå fint Olav :) Det er som Tone sier...akkurat som jeg er med på turen....en fantastisk natur-opplevelse :) Takk for du deler
SvarSlett