onsdag 6. februar 2013

Rayong Thailand 16-27.01

VÅRE SISTE DAGER I THAILAND

RAYONG


Eg har lyst å begynner denne bloggen med soloppgang i Rayong som i seg sjølv var eit vakkert syn. Den røde sola blei meir og meir gul jo lenger opp den kom på himmelen, og samtidig fortelte den oss om at me kom til å få ei fantastisk tid her.


Og det fekk vi virkelig, ikkje minst på grunn av de fantastiske Thaifolket vi møtte her, men og plassen med bl.a. rike fotomuligheter. Stranda vi var på var den østlige enden av ei 11 kilometer lang strand, og her i enden hadde nokre fiskerfamilier klort seg fast mitt i all tilstaumning av turisme.



Tida i Rayong blei fylt av gode møter med fantastiske mennesker, blant anna denne lille kvinna fra nordøst Thailand med det store hjertet, og de fantastiske hendene, og ga oss den beste oljemassasjen vi nokon gong har fått.
 
Og det nydelige vennskapet med Thien vi greide å opparbeide på kort tid var så varmt og inderlig. Ho er dårlig i engelsk så nå holder hun på å lære seg engelsk til den store gullmedalje.
Vi fekk og kjempekontakt med tre damer som nett hadde startet ein resturang nede på stranda, og som blei vår stammplass når vi skulle ut å ete, eller bade og sole oss. Om dei tre skal eg laga ein egen blogg seinare.
 
 
Vegg i vegg med hotellet vi budde på var det ein pitte liten nasjonalpark rundt eit lite fjell som var skogkledd med svære trær, og oppe i desse store trærne var det blant anna ca. 200 apekatter. Her har eg fotografert ein i toppen på eit av trærne i parken. Men bloggen min i dag kommer til å gi god plass til fugler som eg såg i området rundt hotellet.
 
 
Og det merkelige er at kor eg befinner meg i verden så treffer eg på denne fuglen, nemmelig Strandsnipa. Og denne gangen i nasjonalparken heil nede ved sjøkanten.
 

Kva denne store langstrakte hegren heiter det er eg ikkje sikker på, må nok skaffe meg ei fuglebok for denne delen av Asia. Håper nokon kan hjelpa meg denne som er på størrelse med vår Gråhegre.
 
 
Tøff var han i vertfall i strandkanten. Det blei mange fototurer i Rayong med fuglelinsa mi, og de to vanligaste hegrane eg såg var Kuhegre, og Topphegre.
 
 
Kuhegren bærer virkelig navnet sitt med rette det er i vertfall sikkert. Var det kveg så var det og Kuhegrer lika i nærheten. Og de såg ut til å vera svært gode venner.
 
 
Ein annen hegre som var spesielt tallrik ved våtmarksområdene var Topphegren.
 
 
På bakken er den vanlig og ikkje i toppen på eit tre, men den heiter jo Topphegre så det er nok derfor. Den er svært vanskelig å få auga på på bakken, men merkelig nok så er de mesten heilt kvit i flukt. Første gong eg såg dette mekelige fenomenet var i Ghana og da sjønte eg nesten ingen ting.
 
 
Vil ta for meg nokre fugler til, som denne ganske tallrike trostestore fuglen.
 
 
Denne krabaten heiter Yellow-vented Bulbul på engelsk.
 
 
Navnet på denne er på engelsk bee eater green, og er ein veldig flott fugl.
 
 
 
Mange andre flotte fugler var det og å sjå, skal ta med eit par arter til:
 
 
Brillevipe var også ein staselig og spesiell fugl, som eg såg og hørte mange ganger, og liker seg i samme biotop som vår norske Vipe.
 
 
Denne store og veldig spesielle fuglen oppdaga eg i ein tretopp ikkje langt fra et hus.
 
 
Ser nesten ut som ein nisse med maske, denne Green-billed Malkaha med lang smoking-stjert bak.
Det var nok fugler for denne gang, nå vil eg gå over til maten til fuglene.
 
 
Sommerfugler var det mange av, og mange svært fargerike som denne middelstore sommerfuglen.
 
 
Denne var ganske liten og ikkje så fargerik, men lett å sjå når den fauk.
 
 
Ei øgla må eg og ta med, veit ikkje kva han heiter men adskillig større enn vår firfisle.
 
 
Nydelig når ein ser på detaljene, denne holder på med å skifte skinn, men se bare på hove på bildet under, eit utrulig kunstverk.
 
 
Til slutt kommer nokre solnedgangsbilder fra stranda vår i Rayong. Ein fantastisk plass å feriere på uten alt for mykje turister.
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar