torsdag 13. september 2012

Liknessanden Karmøy i dag 13.09.12

LIKNES NORD

Torsd.13.9.12


Eeeeendelig var eg frisk nok til å koma meg ut i det ganske bra haustværet. Ikkje sol, men eit heilt greit turvær. Å du så godt det var å kome seg ut igjen. Etter 3-4 dager med kraftig forkjølelse og feber var det fantastisk å koma seg ut. På vei ned til stranda landa det ein flokk med Gråsisik på ein steinknaus. Kjeme fleire bilder av de seinare i bloggen. Men målet mitt var Liknessanden på runden min.


Det var eit fint fotolys, og heldigvis ikkje for mykje vind til macro fotograferinga. Men først nokre strandbilder til.


Det var godt å koma seg ut nå på formiddagen, for seinare på dagen skulle det visst koma regn. Eg måtte og ha meg ein tur ned på den kvite Liknesstranda.


På stranda oppdaga eg mange brennemaneter som hadde stranda, og har etter all sansynlighet endt sine dager her på land.


Det var desverre og ein Ærfugl som også hadde gjort det same. Eit trist syn, men det er livets tøffe realitet.



Heldigvis har Ærfugl bestanden tatt seg opp igjen i Norge, og eg såg i dag mange levande eksenplarer av denne store anda som finnest langs heile norgesskysten og gitt oss masse god dun i dynene våre.


Stokkand var det også mange av, og nå er endene midt i mytingen så det er mesten ikkje forskjell på kjønnene. Her under ser du ein Stokkandhan som er begynt å få mørkare parti på hove igjen, men det er enda langt igjen til han er ferdig med mytinga.


Først ut i oktober kan vi sjå den grønne fine hetta til hannen. Det var også innsekter å sjå enda, sjølv om det ikkje er så mange igjen av de nå. Her ei lita blomsterflue som hitil har overlevd hausten.




Det var samla seg fleire flokker med sisiker langs strandengene. Her var det ein flokk med både Grønnsisik og Gråsisik, fugler som er utrulig vanskelig å fotografere. De er både sky og nokre skikkelige oi oier som mesten aldri er i ro.



Adskillig lettere var det å fotografere humlene nå som de arbeider skikkelig i slow motion.



Høstfargene er også kome sjølv om nokre få blomar fortsatt greier å holder stand.




Nede på ein gammal robåt holdt ein edderkopp på febrilsk i vinden og prøvde å laga sitt edderkoppnett.


Du ser han nede i venstre hjørna på bildet. Du synest eg hadde fotografert han i fra et alltfor langt hold, ok. da du skal få sjå han nærare. Men dette er og ei advaring mot alle som har fobier mot desse flotte insektene.


På neste bildet ser du at det i vinden går aldeles i badl for han. Nettet er ei einaste vasa.


Eigaren av denne båten vil det og gå i badl for om han har tenkt å bruka denne farkosten (om han er i livet då).


Eg vil i dag avslutte bloggen min med tre humlebilder på denne etterlengtede turen ut i naturen igjen. Å kor da gjorde godt for ein gammal skrott.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar