Mand.24.09
Det blei ein flott dag i dag også, så ein tur på stranda måtte eg laga meg tid til. Men det er første gang at det har gått ei svær Knoppsvane på stranda når eg har vært der nere. Norges største fugl var eit spesielt syn for oss denne dagen, og barnabarnet mitt var også med i dag.
Det er ikkje nokon liten kar eller kvinne som detta var og ein skal ha stor respekt for desse store fuglene, for ufarlige er de ikkje. Eg har skjølv opplevd å bli angrepe av Knoppsvane, og eg kan lova at de kan slå hart med vingeknoken sine. Men heldigvis så var denne fuglen av den fredelige sorten.
På detta tidspunktet hadde eg på kamera ei macrolinse uten zoomfungskjon, og det var dumt på det neste bildet. Fuglens vinger var desverre for lange, eller skal ein sei at eg var for nær til at eg fekk de heilt med.
Denne Knoppsvana var heilt åleine, så alt tyder på at noko må ha skjedd med mannen hennar. Trist, og eg håper den finner seg ein ny livsledsager. Den hadde nok desverre ikkje sett ein så staut kar før, så den begynte å gjøre seg til for meg. Da vart eg pressa til å visa Knoppsvana gifteringen min.
Eg må sei at eg blei litt smigra av frieriet, for eit flott dame var det.
Det var også andre ting å ta bilder av i dag. Fortsatt var det blomsterfluer igjen på de veldig få blomstene som enda eksisterte.
Fant fort ut at det var dumt å være med sjøen uten telelinse, så vi tasla oss heim etter panseret mitt (gammel 300mm Nikon linse) så no skulle det bli andre boller.
Denne heipiplerka var enda ikkje trekt mot sør, men det er nok like før nå.
Ner på Ådlandsanden var det kome inn ein del tare, og da kjeme vaderene fort for å leita etter små insekter.
Tundralo var der og mange Sandloer.
Ærfugl var det også mykje av, og no er hannen og hoa heilt like.
Avslutter bloggen min med eit par bilder eg tok i ein hage eg gjekk forbi. Så fortsatt er det vakre blomer å sjå heldigvis. Hausten er nå visst lang nok som den er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar