mandag 24. september 2012

Fototur Liknes nordvest.

LIKNES:

Mand.24.09


Det blei ein flott dag i dag også, så ein tur på stranda måtte eg laga meg tid til. Men det er første gang at det har gått ei svær Knoppsvane på stranda når eg har vært der nere. Norges største fugl var eit spesielt syn for oss denne dagen, og barnabarnet mitt var også med i dag.


Det er ikkje nokon liten kar eller kvinne som detta var og ein skal ha stor respekt for desse store fuglene, for ufarlige er de ikkje. Eg har skjølv opplevd å bli angrepe av Knoppsvane, og eg kan lova at de kan slå hart med vingeknoken sine. Men heldigvis så var denne fuglen av den fredelige sorten.


På detta tidspunktet hadde eg på kamera ei macrolinse uten zoomfungskjon, og det var dumt på det neste bildet. Fuglens vinger var desverre for lange, eller skal ein sei at eg var for nær til at eg fekk de heilt med.


Denne Knoppsvana var heilt åleine, så alt tyder på at noko må ha skjedd med mannen hennar. Trist, og eg håper den finner seg ein ny livsledsager. Den hadde nok desverre ikkje sett ein så staut kar før, så den begynte å gjøre seg til for meg. Da vart eg pressa til å visa Knoppsvana gifteringen min.


Eg må sei at eg blei litt smigra av frieriet, for eit flott dame var det.


Det var også andre ting å ta bilder av i dag. Fortsatt var det blomsterfluer igjen på de veldig få blomstene som enda eksisterte.


 
 
 
Fant fort ut at det var dumt å være med sjøen uten telelinse, så vi tasla oss heim etter panseret mitt (gammel 300mm Nikon linse) så no skulle det bli andre boller.
 
 
Denne heipiplerka var enda ikkje trekt mot sør, men det er nok like før nå.
 
 
Ner på Ådlandsanden var det kome inn ein del tare, og da kjeme vaderene fort for å leita etter små insekter.
 
 
Tundralo var der og mange Sandloer.
 
 
 
 
Ærfugl var det også mykje av, og no er hannen og hoa heilt like.
 
 
 
Avslutter bloggen min med eit par bilder eg tok i ein hage eg gjekk forbi. Så fortsatt er det vakre blomer å sjå heldigvis. Hausten er nå visst lang nok som den er.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

torsdag 13. september 2012

Liknessanden Karmøy i dag 13.09.12

LIKNES NORD

Torsd.13.9.12


Eeeeendelig var eg frisk nok til å koma meg ut i det ganske bra haustværet. Ikkje sol, men eit heilt greit turvær. Å du så godt det var å kome seg ut igjen. Etter 3-4 dager med kraftig forkjølelse og feber var det fantastisk å koma seg ut. På vei ned til stranda landa det ein flokk med Gråsisik på ein steinknaus. Kjeme fleire bilder av de seinare i bloggen. Men målet mitt var Liknessanden på runden min.


Det var eit fint fotolys, og heldigvis ikkje for mykje vind til macro fotograferinga. Men først nokre strandbilder til.


Det var godt å koma seg ut nå på formiddagen, for seinare på dagen skulle det visst koma regn. Eg måtte og ha meg ein tur ned på den kvite Liknesstranda.


På stranda oppdaga eg mange brennemaneter som hadde stranda, og har etter all sansynlighet endt sine dager her på land.


Det var desverre og ein Ærfugl som også hadde gjort det same. Eit trist syn, men det er livets tøffe realitet.



Heldigvis har Ærfugl bestanden tatt seg opp igjen i Norge, og eg såg i dag mange levande eksenplarer av denne store anda som finnest langs heile norgesskysten og gitt oss masse god dun i dynene våre.


Stokkand var det også mange av, og nå er endene midt i mytingen så det er mesten ikkje forskjell på kjønnene. Her under ser du ein Stokkandhan som er begynt å få mørkare parti på hove igjen, men det er enda langt igjen til han er ferdig med mytinga.


Først ut i oktober kan vi sjå den grønne fine hetta til hannen. Det var også innsekter å sjå enda, sjølv om det ikkje er så mange igjen av de nå. Her ei lita blomsterflue som hitil har overlevd hausten.




Det var samla seg fleire flokker med sisiker langs strandengene. Her var det ein flokk med både Grønnsisik og Gråsisik, fugler som er utrulig vanskelig å fotografere. De er både sky og nokre skikkelige oi oier som mesten aldri er i ro.



Adskillig lettere var det å fotografere humlene nå som de arbeider skikkelig i slow motion.



Høstfargene er også kome sjølv om nokre få blomar fortsatt greier å holder stand.




Nede på ein gammal robåt holdt ein edderkopp på febrilsk i vinden og prøvde å laga sitt edderkoppnett.


Du ser han nede i venstre hjørna på bildet. Du synest eg hadde fotografert han i fra et alltfor langt hold, ok. da du skal få sjå han nærare. Men dette er og ei advaring mot alle som har fobier mot desse flotte insektene.


På neste bildet ser du at det i vinden går aldeles i badl for han. Nettet er ei einaste vasa.


Eigaren av denne båten vil det og gå i badl for om han har tenkt å bruka denne farkosten (om han er i livet då).


Eg vil i dag avslutte bloggen min med tre humlebilder på denne etterlengtede turen ut i naturen igjen. Å kor da gjorde godt for ein gammal skrott.



søndag 2. september 2012

Fototur Liknes nord

Fredag 01.09

LIKNES NORD


Fredagen voknet eg til ein nydelig soloppgang då eg titta ut stueglaset. Kanskje dagen kom til å bli bedre enn de yr meldte. Og så var jammen meg vindstille også, så han Olav måtte nok ut på fototur ja. Etter eg hadde hoppa ut av slåbrokken, kledt meg, og trøkkt inn nokre skjever så var det ut på tur med kamera og nokre linser. Ut på tur aldri sur.


Det blei ein tur ned til Liknesstrendene, og her blei det litt landskaps fotografering før eg heiv på kamera ei macrolinsa.


Det var andre og som var ute på fredagsmorgonen i det flotte turterenget på Liknes. Så nå var det å leite etter småe fotomål i det halvhøge strandgraset. Og fotsatt så er det mange ting å ta bilde av sjølv om hausten er her.


Dette er ikkje ein prestekrage, men en strandbalderbrå som kan blomstre langt ut i september, men det artige er at når kronbladene detter av så står det gule i midten av blomsten like gult og fint til frosten tar den i slutten av sept, eller begynnelsen av oktober. Dette kan du sjå på de to bildene under.



Rødknappen står enda fin mange plasser her i strandengene ved sjøen.


Homla leiter nå febrilsk etter den siste nektaren, og bevegelsene blir seigere og seigere for kvar dag no.


Men for meg som skal ta bilder så er det ein stor fordel, da det er så mykje lettare å få skarpe bilder.


Av og til ser det ut som de er limd fast til blomane de står på.


Eit siste nærbilde av desse ivrige homlene som no går mot slutten av tilværelsen for denne sesongen.


Kva denne planten heiter som du ser under da veit eg ikkje, men flott var den der den vaks heilt nede mot stranda.



Blodstorkenebb var det fortsatt nokre få igjen av.


Det minker drastisk på innsektene også nå, og her var det ei lita blomsterflue som satt på ein halvveis visna blom.


Avslutter bloggen min i dag med ei lite innsekt ikkje meir enn toppen ein cm. lang med ein spesiell og flott grønnfarge.