SÆVELAND KARMØY:
Forige mandag hadde eg meg ein ny tur langs Karmøys strandlinje. Og dette er i fra havna i Sævelandsvik. Her er det nytt og gammalt om ein annan, men det skaper variasjon i skjærgården.
Då eg gjekk rundt havna oppdaga eg også mange fine planter. Ein av våre aller største planter i Norge, men relativt skjelden er denne planta, og eg var overaska at eg skulle finna den her i havna. Her hadde bladene fått ei tøff fartsstripe.
Bambusplanten er i sør Norge i ytterkanten av sitt leveområde, og blir ikkje så svær som i varmere strøk på grunn av den korte sommeren vi har. Men i regnskogen i Malaysia var den enormt høg, og det vokste den bare på ett år. Utrulig. Men det var også andre og meir fargerike planter.
Jøkelsmåarve som du ser over vaks det ganske mykje av rundt havna, men og på svabergene. Denne Forglemegei planta må være den med de minste kronbladene, for dei var utrulig små, så her har eg beskjært blomsten ganske kraftig.
Så var det å koma seg vidare langs svabergene, og eg såg nokre naturperler under veis. Men dei har eg ikkje fotografert på grunn av at eg vil lage ein egen blogg om det seinare.
Men turen enda på mitt mål for denne dagen, nemmelig Mannes havn, og her såg eg fort at det var lenge siden eg hadde våre, for havna var mest ikkje til å kjenna igjen. Men flott var det blitt med til og med Pelle politi sin bil.
Men havna hadde meir å by på, for eks. ein havnabutikk som egentlig selte omtrent bare iskrem (det var åpent då me var der, men ingen ekspeditriser), men butikken var mest som et museum der de hadde samla masse gamalt.
Her bør alle som bur i nærheten ta seg ein tur og sjå. Eg huska slike krambuer, men eg er jo steingammal. Spennende for yngre å sjå kos det har vært.
Ute hadde de og samla gamle trebåter både på land, og i sjøen.
Eg vil avslutte denne bloggen i dag med to bilder av Vivendel som er ein pryd i naturen vår. Og kan variere ganske mykje i fargeintensitet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar