onsdag 25. juli 2012

Kajakktur Skredvatn i Fyrresdalen

13-15.07

FREDAG 13.7.

Vi pakka bilen full med mat, kajakkutstyr, telt, soveposer, grill, liggeunderlag og myggspray, og drog over Haukeli til austlandet, og hadde tenkt oss til  Setesdal, men bilen ville noko heilt anna. Den ville til Fyrresdalen så da var det bare for oss å bli med der tyttebæret vårt bar oss.


I syvtida på kvelden kom vi endeig fram til Skredvatnet øverst i Fyrresdalen, og vi var nå så passa trøtte at vi tok inn på ein campingplass i søre enden av vatnet, og her hadde de ei enkel hytta som du ser i bakgrunnen på førsta bildet.


Skredvatnet var akkurat passe stort til ein helgatur med kajakk og telt. Og været såg også glimrande ut denne fredagskvelden, og innbau til ein flott tur, og ein flott tur blei det også. På neste bilde ser du min kjære som koser seg i det flotte sommerværet.


Det var lenge sol og lyst denne kvelden, så kamera måtte fram, og nokre bilder blei det da også før vi kraup i hus. Ein koselig liten foss ved siden av hytta fekk vi foreviga, og nokre macro bilder blei det og.




De siste bildene denne flotte fredags kvelden vart de siste lysstreifene fra sola før mørket senka seg over Fyrresdalen.



Spente var vi da vi vakna neste morgon. Ville været vera lika fint denne dagen? Og skuffa blei vi heldigvis ikkje. Speilblank innsjø låg å venta på oss, men først måtte me ha oss frokost, og så pakka vi med oss det viktigaste til kajakkturen.



Denne dagen blei det kajakkenes første møte med ein norsk innsjø (til nå bare prøvd den på vestsida av Karmøy på storhavet). Og no skred det mot at me endelig skulle få starte turen vår på Skredvatnet.


Padleturen gjekk raskere enn antatt, og Tone var sprekere enn eg trudde, så etter ein drøy time hadde vi padla over på andre siden av vatnet, og funne ein høveleg plass å slå opp teltet.


Teltet som var nesten fem år gammelt, men eg enda ikkje fått prøvd det, og det viste seg å vera eit gått telt, men litt i trangaste laget for to personer. Men, men, det funka. Sjølv om Skredvatnet  var oppdemma var det nok av spennande ting å utforska. Og her er nokre bilder fra småturene rundt om i området.



Desverre så var dette vatnet oppdemma, og på grunn av pengegriskhet så var vatnet tappa veldig langt ned. Resultatet av denna voldsomme nedtappinga er at alt det naturlige livet rett under vannflata blir drepe. Sjøplanter er ikkje konstruert til å leva på tørre landet, så dei dør ut. Og her ser du resultatet.



Elveutløpet i nordre enden av vatnet var eit sørgelig syn. Dette har nok vært eit flott våtmarksdelta rikt på våtmarksplanter, fisk og fugleliv. Nå var det som ein ørken, og ein skulle tru bildene var tatt i Afrika og ikkje i Norge.



Men heldigvis var det lyspunkt også, litt fugleliv var det rundt vannet. Strandsnipa var her,


Og eit Storlom par som finner nok av fisk i vatnet, det er nemmelig overbefolka av Ørekyte kunne ein av hytteeigerne fortelle.


Storlomen er ein stor og vakker fugl, men utrulig sky, så disse bildene er tatt på mellom 50 og hundre meters avstand.


Vil nok snart komme meir bilder fra turen vår i Fyrresdalen, men vil avslutte i dag med ei koselig hytta som låg med eit lite vann inne i skogen like ved Skredvatnet.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar