mandag 17. desember 2012

Koh Chang Thailand

Tirsd.18.12.12

Tropical beach på Koh Chang

På tide å få snikra ein ny blogg i fra Thailand oppholdet vårt. Og det begynner med ein flott soloppgang fra stranda vår.


De første bildene er før sola viste seg, og da var det ein flott raud farge på himmelen.




Så omsider kom sola opp av havet og lagde ei flott ramma på ein flott veka her på Koh Chang. Ei veka uten så mykje som ein dråpe regn, fantastisk.



Her på Koh Chang lever naturen ganske så tett inn på oss turister, og ein trenger ikkje ta lange turer for å få nokre fine naturopplevelser.


Og den runde bungalowen på stranda er omgitt av trær og orkideer, og bare rundt bungalowene kommer det stadig flotte sommerfugler på besøk.


Denne sto på bungalow veggen ein kveld, og er nok ein nattaktiv krabat.




Den siste sommerfuglen eg tok med her av de eg såg rett utforbi bungalowen var kjempesvær ein med eit vingespenn på nærmere 20 cm. Eg har og hatt meg nokre fotturer i ommrådet, og no kommer  nokre bilder fra dei turane.


Har ikkje peiling kva denne heiter, men spesiell var han med sitt gule bryst og mørke hode med ein svart topp. Så mange fugler har eg ikkje fått fotografert her på Koh Chang. De er sky, og trærne er enormt høge.


Heldigvis så flakser ikkje blomstene vekk, så dei får eg god tid til å fotografere. Men det er nok ikkje den beste tida for blomstring, men noko var det alikavel å ta bilde av.


På Koh Chang er det masse av dyr som slynger seg fra tre til halv fire. Og av og til kommer de ned til oss hårlause i håp om at vi har ei banan eller ett eller annet å gje de.


Her har eg fotografert skjefen for flokken, ein stor han, og når ein kom for nær kunne den virka ganske truande.


Her var det i alle størrelser, fra unger til gamle. Og herlige er de, sjølv om de kan på resturangene være nokre tjuvrader.




Stranda vår er ca. havannen km. lang, og har ikkje mange hoteller, og resturanger, så det er ein svært fredelig strand (passer meg som hånd i hanske etter mange dager på Phuket).


Her ligger Tone og soler seg bare nokre meter fra bungalowen.


Sjøtemperaturen her er mellom 26-28 grader i vatnet, og temperaturen i skyggen på land ligger mellom 25-35 grader. Ideelt for oss normenn.


Om ein ønsker handling og masse folk så kan ein dra inn til Bang Bao, tre km. unna, her har de laga ei lang handlegate på påler ute i den grunne bukta, og mange resturanger, ein spennende og eksotisk plass.


Dette rare innsektet hadde Tone plutselig på kjolen sin ein kveld når vi satt uttforbi, antagelig ein tregresshoppe.


Fantastisk mange flotte sommerfugler, og øyenstikkere her på denne øya som ligger bare ei mil eller to fra grensa til Kambodja.




Den mest ekstreme øenstikkeren eg nokon gong har fotografert er denne som kommer på de neste bildene. Fantastisk flott med sine ekstreme farger, rett og slett eit syn.




Så avslutter eg bloggen min for denne gang med eit solnedgangsbilde fra stranda vår.

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar