Tirsd.20.03
Vest Karmøys strender.
Denne søndagen og mandagen varslet for alvår at dette årets vår er på vei mot oss med stormskritt. Varmen i sola, lyset, og fargene begynner å koma. Og dei første trekkfuglane er alt komen. Tjelden har eg allerede vist seg nokre dager nå, og deira kvasse skrik høyres godt her ute i havgapet.
Søndags ettermiddag blei og mi kjære kone med meg ned på ein tur på desse vakre vest Karmøy-strendene.
Når ho først kjeme seg av gårde med kamera på magen er ho minst like ivrig som meg med å fotografera, noko som synest godt om du løfter blikket tre-fire sentimeter over desse orda. På dei neste bileta ser du vår- lyset som leikar seg i bølgene og på stranda.
Sola har begynt å klatra høgare og høgare på himmelen og den begynner å varma ein fråssen vinterkropp meir og meir, og som lengtar sterkt etter våren og varmen.
Måkene ser nok også fram til varmare tider, men også travligere tider med egg og ungeskrik, men enda så kan den ligge og seile dorskt over sanddynene her ute ved kanten av storhavet.
Men innimellom lyt dei finna seg noko å eta. Her er det ein som har greid å fanga seg ei flyndra, som eg lurer voldsomt på korleis den skal greia å få den breie fisken ned gjennom halshålet. Men den er vell ikkje slukmåse for ingen ting.
Me tobeinte uten fjør lyt holda oss på landjorda og heller stå og sjå på luftstrømmenes herskara som leiker seg over hoveda våre.
Dagen etter, på mandagen fekk mi datter Thea og undertegnede ein flott tur i det fine vårværet. Og da måtte eg ta nokre bilete av mi kjære datter som ikkje nett gjer skam på strendene på Åkra.
Og det er heller ikkje kvar dag eg får anledning å fotografere ein levande galionsfigur på den ytterst knaus.
Me har alle allerede sett dei første blomane i beda rundt husa, men denne dagen fekk eg sjå dei første ville blomane denne våren. Ja, foresten dei var ikkje så ville, dei sto heilt i ro og lot ein ivrig macro entusiast få ta bilete av min første hestehov denne våren. Men det blir nok ikkje den siste. No skal eg blåsa støv av macro linsa og bruka den flittig ut over våren og sumaren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar