tirsdag 27. mars 2012

Tur til Halseid i Haugesund

Tirsd.27.03.12


I dag hadde Jan og eg bestemt oss at vi ville inn og sjå om me kunne få nokre fine bilder av Kvitryggspetten. Jan hadde vært på ganske nært hold av den dagen før. Så med friskt mot drog vi avgårde tidlig på morgonen i dag, og var framme på Halseid før det var skikkelig lyst (0715). Første stopp var ved eit kjern lika før Halseid, og her fekk vi tatt nokre skoddebilder i den blåe timen.



Deretter bar det inn til Halseid som ligger på vestsiden av Stakkastadvatnet i Haugesund kommune. Ein flott plass med vakker natur og masse skog, men også ein del dyrka mark som du vil se på de neste bildene.



Denne dagen da vi kom inn til Halseid så låg skodda  tett, men det gav oss mange spennende utfordringer og muligheter som vi ellers ikkje ville ha fått. Bare se på de første bildene som kommer nå:



Etter ei stund med tett skodde så begynte faktisk sola å titte fram gjennom skoddelaget, og vi fekk nye efekter som vi  bare måtte utnytte.




Vi bevegde så rolig nedover ein bakkeskråningen mot Stakkastadvatnet da eg såg til min overaskelse at på jordet   litt lenger nede gjekk to Rådyr og beitet i det korte, men ferske graset. Eg var heldig å få tatt nokre få bilder før de oppdaget oss og la på sprang. Desverre så hadde eg ikkje 450 mm med meg, men ei standar somlinse (18-105mm). Så derfor blei det meir miljøbilder av Rådyrene, men du så kjekt det var å få sjå desse flotte dyra.



Desse vakre dyra er blitt meir og meir tallrike nesten over alt i Rogaland, også heilt ute ved kysten som bl.an. Karmøy.
Nede ved vatnet fant vi ein gammal gammal robåt som eg bare måtte ta nokre bilder av.



Her nede ved vatnet viste sola seg meir og meir fram i skodda og fortalte oss at den hadde skumle planer.



Etter flott fotostund nede ved vatnet gjekk vi opp igjen og tok nokre bilder av eit koselig småbruk, og noke påskeliljer som tittet fram på ein gammal potetekjeller like ved.



Ja, desse flotte gule blomane påminner oss om at det nærmer seg påske med stormskritt. Så blei da ein kort kjøretur til andre enden av gran og furuskogen for å koma til det området der Jan hadde sett kvitryggspetten dagen før. Vi såg at det var enda for mykje skodda for fuglefotografering, så det blei  makro i stedet heilt nede ved vatnet. De første er av vanndråper på ei grein.



Vanndråper i spindelvevnett har eg tatt bilde av mange ganger før. Men denne gangen var det om å gjøre å utnytte den svake sola som bakgrunn.




Vanndråper som lager ringer i vatnet måtte og utnyttes før sola greide å kjempa seg heilt igjennom skoddelaget.



Men vi var som sagt kome inn her for fuglefotografering, og først og fremst på hakkespett tur. Vi hørte Kvitryggspetten mange ganger, men den ville bare ikkje koma på den plassen vi hadde stilt oss opp.
Da tolmodigheten var oppbrukt på Kvitryggspetten blei det i stedet meisefotografering på foringsplassen på vei til bilen. Meiser kom det, men ikkje så tallrikt som tidligere.




Løvmeisa, Blåmeisa og Kjøttmeisa var på plass, og de to sistnevnte var som du ser i full gang med vårsangen. I dag fekk me og tatt nokre bilder av Bokfinken som og er på plass på hekkeplassen, og i full gang med å markere reviret sitt, og innynde seg med damene.



Det blei ein fantastisk flott dag Jan og undertegnede fekk her inne i de flotte naturomgivelsene, og med stadig fleire og fleire vårtegn. I dag fekk eg sjå min første sommerfugl som eg og fekk tatt nokre bilde av. Ikkje noko fantastisk bilde, men eg håper dette gjer deg en sterk lyst til å koma deg ut i Guds vakre skaperverk.


Veit ikkje kva den heiter, men vakker er den. Heilt til slutt to landskapsbilder fra ein strålende dag på Halseid, bare nokre kilometer nordøst for Haugesund sentrum.


lørdag 24. mars 2012

Fugler/fototur Halseid Haugesund,

Fred.23.03.12


Så blei det vinterens siste meisatur til Halsne i Haugesund på nye fotoeventyr. Vil vi få nokre bedre bilder i dag mon tru, og fleire gode av dei vi har få fine frå før. Og missfornøyd er eg ikkje med resultatet sjølv om ein merker at sola midt på dagen blir hardere og hardere jo meir vi nærmer oss sommeren.


Det blei ein svært så variert tur denne gangen, for Jan og undertegnede tok ikkje bare bilder av fugl.
Her nokre bilder av tresopper i forskjellige fasonger og valører:




Men vi var her først og fremst på grunn av at vi ønsket oss enda bedre bilder av våre kjære norske meiser. Og ein Haugesunder har heldigvis for oss dreve ein forings stasjon for meiser heile vinteren midt inne i ein bjørkeskog på Halseid. Den eg fekk mest gode bilder av var Løvmeisa, som er ein løvskogselskende meis, så den bærer navnet med rette.


Den likte svært godt solsikkefrø, eller det vil sei kjærnen av solsikkefrøene. Men av og til så glipper de ut av næbbet som i dette tilfellet.



Men da er det bare å finna seg eit nytt. Eg blei ganske fasinert av teken de hadde med å få fjerna skalet i frå kjerna. Bare se på desse bildene.


Han plaserer frøet på ei grein, tar beina på kvar kant. Og så er det bare å skella appelsina, nei, eg meiner solsikkefrøet. Du og du for ein tek han hadde.



Det blei ein del baksing og flaksing mellom foringsapparata denne dagen, og oss ennset de nesten ikkje.




Men det var også andre meiser eg fekk fine bilder av denne dagen. Desverre så har Tone vært inne og forandret navn på Picassa uten at eg visste det, så som du ser så står hennes navn på noen av bildene. Men det er alltså eg som har tatt de. Ein annen meis som eg håpa å få mange bilder var Svartmeisa, men det var ei oi oi meis som aldri var i ro, og eg med kunn manuell linse sleit med å få stilla skarpt før ho fauk sin vei, men ett bra blei det.


Ei anna meis, som egentlig høyrer til i ein egen familie med seg sjølv, ikkje så rart foresten for den ligner like mykje på ei spette som ei meis, det er den flotte Spettmeisa.





Blåmeisa var ikkje så mytkje på foringsstasjonen denne gangen, den var for ivrig med synging og etablering i hekkeområdet. Men ett par bilder blei ganske bra.



Det siste bildet eg viser av meisene er den vanligste av våre meiser, Kjøttmeisa som også i likhet med Blåmeisa er ein fargeklatt i vår vakre natur.


Eit par andre fugler som kom og besøkte oss på denne fredags formiddag var Grønnfinken og Rødstrupen. Også to vakre fugler som eg setter stor pris på.



Vil i dag avslutte bloggen min med nokre macrobilder eg tok då ryggen min var for sliten av å sitta i ro og fotografere fugl. Da tok eg fram macro linsa og tok meg ein tur på utkikk etter små lekkerbisker. Og det blei mest doggdråper eg såg min elsk på, som du ser under.