onsdag 24. oktober 2012

Stakkastadvatnet Haugesund

Tirsdag 23.10.

STAKKASTADVATNET:


På tirsdag (23.10) hadde mi eldsta datter og eg ein kjekk kjøretur inn til Stakkastadvatnet i Haugesund. Der vi stoppa høyrer vatnet til Haugesund kommune, men hadde vi kjørt nokre hundre meter til så hadde me vært i Sveio kommune. Og som ikkje det var nok så ligger andre siden av vatnet (østsida) i Tysvær kommune.


Denne tirsdagen var det eit nydelig haustvær som vi bare måtte utnytte, men vi skulle nok ha vært eit par timer tidligare. Her inne er det fortsatt mykje fine hausfarger som bare måtte forevigast på bildebrikka.


Vi tok oss ein spasertur ned til vatnet og her paserte vi ein frukthage, der det fortsatt hang epler på trærne.


Nede ved strandkanten fant vi to gamle ting som låg og råtna og nå var på vei tilbake til naturen. Her ein gammal slede, og på bildet under ein gammal robåt.



Nokre gamle naust var det også, og her ser du ett av dei.


Det var riktig koselig å vera på tur med Ann Mari, som også koste seg sjølv om ho hadde gløymt speilrefleksapparatet sitt heima.


Nokro macrobilder blei det også, for her var det tett i tett med spindelvevgarn med vassdråper i.





Avslutter fra Stakkastadvatnet med to bilder av dei flotte hausfargane som no pryda naturen her inne.



Heima i hagen til Ann Mari var det faktisk fortsatt nokre blomar som fortsatt stod i full blomst.





 
Eg vil som ein avslutning i dag ta med to hausbilder fra øya vår rett og slett med bilder av ein nypebusk.
 
 
 

torsdag 11. oktober 2012

Tur på Liknes

Torsdag 11.10.12

LIKNES KARMØY


I dag hadde ein flott tur med kamera på Liknes i det nydelige haustværet. Kommer ikkje til å skriva så mykje i dag. Men var utrulig overasket at det fortsatt var ein heil del blomsterfluer, blomster, humler, og andre insekter å sjå. Eg trudde alt var over nå, men det var det ikkje. Så nå kommer nokre av bildene eg tok i dag.



























torsdag 4. oktober 2012

Liknes nord Karmøy (04.10)

LIKNES NORD

Torsdag 04.10


I dag formiddag var været så pass bra at han Olav måtte ha seg ein liten fototur ned på Liknesstrendene. Havet var ganske så stilt og vinden like så. Så da måtte det bare bli ein liten foto sesion.


Mellom Ådlandstranda og Liknesstranda renner det ut ein liten bækk, og gir ein tøff kontrast til den lyse stranda.


På enden av Ådlandstranda har det reke inn ein del tare som tiltrekker seg ein del forskjellige fugler. Som bl.an. kråkefugler.



Kråka var der på plass og leita etter insekter, ein annen kråkefugl som det var mange av var Stæren, ein fugl som foresten er gått kraftig tilbake i antal i landet vårt de siste årene.


Den er samlet i store flokker nå, og det er nok ikkje lenge før den tar til vinger og drar sørover. Ein annen eg såg var svaler, Grønnsisik, Gråsisik, Skjærpiplerke, Ærfugl, måker (Fiske og Gråmåke) og ein del vadere.



Ein del Steinvendere var det også, i tillegg til Myrsnipe, og ei ganske lys snipe som du ser på de neste to bildene.



Sandløperen er også på vei sørover fra antagelig Svalbard der det hekker ganske store mengder av denne flotte snipa. Karakteristisk er denne springinga på sandstrendene som også har gitt den det spesielle navnet.


Sandlo var det også ein flokk av ein annen plass på Liknessanden.


Ein stor stein i fjæra låg de små små bølgene og slo over, og de to neste bildene er av samme steinen.


 
 
Eg fant, eg fant sa Espen Askeladd, og det gjorde eg og. Ein liten barnesko låg på stranda, men i motsetning til Espen Askeladd så lot eg skoen ligga.
 
 
På ein stein låg eit gammalt trollgarn, eit ganske fargerikt skue, også i eit gamalt naustskur låg det ein haug av fargerikt tauverk.
 
 
Desse strandplantene som var så grønne og fine for ein mnd. eller to sia var nå blitt ganske så gule på farge.
 
 
Ein fjern slektning kikka dumt på meg då eg gjekk forbi, og konstaterte nok at det måtte være ein laverestående individ siden eg gjekk å drog på ein svær svart dings med langt skaft.
 
 
På heim over vegen var det ein som fekk fart på beina då det kom ei skikkelig kraftig regnbyge. Ganske så vanlig her på Karmøy på denne årstiden at været skifter voldsomt fort fra det eine ytterpunkt til det andre.