mandag 27. august 2012

Åkrasanden og Sandvesanden på Karmøy.

LØRDAG 25.08 ÅKRASANDEN


Lørdag ettermiddag tok eg kamera med to linser og labba over sandstrendene med Rimi på Åkra som var målet for turen (manglet noko til lørdagspizzaen). Men når ein tar strandavegen til Åkra da blir det alltid ting å fotografera. Så også denne dagen.

 
To ungdommer hadde anskaffa seg vadere, og kva dei prøvde å få på kroken det spurde eg de ikkje om, men ivrige var de, så eg håpa virkelig at de fekk fisk.
 
 
Fortsatt så er det nokre blomar som endå står i blomst og prøver å holde høsten på avstand (det gjør eg og foresten). Blodstorkenebb var det fortsatt å sjå sjølv om det er blitt færre av dem.
 
 
 
Fagerknoppurt har ein vakker og stor blomst som viser godt igjen her på engene ned mot stranda.
 
 
Blodtoppen kan og sjåast i blomst enda, sjølv om den ikkje ruver lika mykje på enga som Fagerknoppurten.
 
 
På ein Landøyda blei eg oppmerksom på noko pitte lite med burgunder nesten lilla farge som låg på ein av blomane. Og da eg gjekk nærmare for å sjå så lea den på seg.
 
 
Så viste det seg å vera ei knøttlita larve som kraup oppå blomsten, og aldri har eg sett ein så spesiell farge på ei larve før. Flotte fargekombinasjoner som eit lite kunstverk.
 
 
Siste bilde på denne turen er av ein Grønnsisik som satt seg på ein gjærestolpe langs med kjærrevegen på veg heim.
 
 
SANDVESANDEN I DAG 27.08.
 
Vaknet i dag til eit fantastisk flott vær. Stilnet hadde kulingen fra i natt, og det var blå himmel. Åh, Tone sa eg like etter at ho hadde stått opp, me må koma oss ut på fototur. Såg ikkje ut som ho var heilt klar for det, men konemisshandling har mange rare utløp. Så her var det ingen bønn. Og i dag gjekk kjøreturen til Sandvesanden, ei flott strand ei mil lenger sør på øya frå der me bur. 
 
 
Tone hadde aldri vært på denne sandstranda før og blei virkelig bergtatt, og det håper eg dei nærmaste bildene skal visa for du som leser og ser bloggen min.
 
 
Fra parkeringsplassen og ned til stranda renner det ei stor Å, og med sandbunn i åa så lager det spesielle formasjoner på bunnen.
 
 
 
 
I vegitasjonen ned imot stranda var det mange blomsterfluer og humler som leita etter nektar i dei få blomane som enda sto igjen.
 
 
 
Det var stor variasjon i farger og størrelser, og også i kunstnerisk utførelse. Eit mesterverk er de i vertfall alle.
 
 
 
Og det er godt at det fortsatt er tistler som enda står i blomst, så gjer at de enda finner seg mat.
 
 
 
Men nokre skilte seg ut i fargeprakt med med sine flotte mønster på ryggen.
 
 
 
 
 
Men det var jo på stranda vi skulle, og i staden for å gå ned på Sandvesanden så gjekk eg opp på nokre knauser på sørsida av stranda, eit godt utgangspunkt for mi fotografering.
 
 
På venstre siden av bildet ser du knausene eg klatret opp på og ga meg eit kjempebra utgangspunkt.
 
 
 
 
Og Tone maska seg nedover den lange sandsletta ned mot havet, samtidig som ho tok bilde til høgre og venstre.
 
 
 
Omsider dras eg som ein magnet ned på stranda eg og, og kanskje blir det siste gang denne sommeren at eg går barfot på stranda.
 
 
Tone var faktisk uti og badet og, men det fekk eg ikkje bilde av for da var eg ein heilt anna plass. Men vanntempraturen fristet meg ikkje så mykje då eg dreiv og vassa i sjøkanten.
 
 
Det var fortsatt bølger etter kulingen i natt, så nokre sjøsprøyt-bilder måtte eg ha.
 
 
 
Avslutter denne laaange bloggen med to bilder av Sandvesanden denne flotte mandags formiddagen. For ei nydelig strand foresten, så bur du eller skal til Karmøy, få denne stranda med deg.
 
 
 

lørdag 25. august 2012

Taravika Karmøy

Fredag 24.08

TARAVIKA TIDLIG FREDAGS MORGON


Undertegnede var oppe tidlig denne morgonen, og kl.0700 var eg skuddklar med 300mm med converter, og kraup lydlaust (bortimot) i sivet og fant meg ein lageleg plass. Så var det å koma så lavt som mulig i terenget uten å kjøre telelinsa ned i sanden (det var heldigvis ein stein der som eg kunne bruka).


Den første eg greide å få bilde av var Sandloen som er ein relativt tilitsfull fugl. Og det var mange av dem denne morgonstunda.


Ei anna snipe det var mange av var Myrsnipa, men det var ikkje lett å få gode bilder av den på grunn av at Myriksa nok ein fugl som har ADHD. Linerla og Skjærpiplerka var det også nokre av denne fredagsstunda.



Skjærpiplerka er i lag med Linerla den vanligste fuglen i Taravika, og Skjærpiplerka kan også overvintre her i Rogaland.


Ei lita and som var innom ein tur på matleit var Krikkanda som no er i myting, og derfor umulig å sjå forskjell på kjønnene. Er vel også mest sansynlig at dette var ungfugler.



Her er det ei Mysnipa som har sett igang med morgonbadet, og ein forfriskende dukkert.


Men eg var ikkje klar over at Myrsnipa var pinsevenn og dreiv med full neddykking.


Den vaderen eg fekk mest bilder av denne flotte morgonstunda var Strandnipa, vår mest tallrike snipa. Det er og egentlig ei ADHD snipa, men denne tidlige morgonen var de nok ikkje skikkelig våkne trur eg.


Det er ei flott snipe med lyst bryst og grønne føtter, og har ein karakteristisk vipping med bakparten.


Eit par bilder til av denne vakre snipa som kom ganske nær meg der eg låg inne i sivet.


 
Såg også ei Gluttsnipe, og nokre Brusfugl, men dei drog sin veg då eg kom.
Vil avslutte bloggen min med å visa at det ikkje er bare tare i tarevika, men og strandformasjoner som blir til den flottaste kunst.